Framsida
 Mek. verkstad
 Om oss
 Ledig stilling
 Nybygg
 
 Kontakt oss
 

 Lenkjer:
 
 
 
 
 

25 år ved Eidsvik Skipsbyggeri

Klikk på bilete for full størrelse
Per Fausk (t.v.) får overrekt blomehelsing av Svein Arne Eidsvik
 

Den 8. oktober hadde Per Fausk vore tilsett i Eidsvik Skipsbyggeri i 25 år. Han er med det den 8. av dagens medarbeidarar som har vore tilsett i over 25 år.

 

Per Fausk vart tilsett som hjelpearbeidar i plate- og sveisefaget den 8. oktober 1979, berre 17 år gamal. Han har gått gradene i verksemda, og har lært å byggja båtar etter 'gamle' måten. På den tida i 1979 var det berre 20 tilsette ved skipsbyggeriet på Børneset, og ein brukte som oftast eit år på å byggja og ferdiggjera eit fartøy.

 


Per Fausk har vore ein aktiv medspelar i verstadklubben ved Eidsvik Skipsbyggeri, og han har i mange år vore Hovudtillitsvald for dei tilsette.

 


Sidan 1998 har han vore Industrivernleiar ved verksemda i tillegg til at han har vore bas innan plate- oh sveisefaget til dagleg. Per Fausk er og arbeidarane sin representant i Eidsvik Skipsbyggeri AS sitt styre.

 


25 år ved Eidsvik Skipsbyggeri betyr at jubilanten mottar gullklokke. Dette vil bli høgtideleg markert seinare på hausten i samband med at Eidsvik Skipsbyggeri feirer sitt eige 75 års jubileum.

 
 
 Tilbake
 
Siste nyhende:
Siem Pilot overlevert 8.april
Les meir(09.06.2010)
 
Eidsvik inn i offshore-marknaden
Les meir(26.06.2007)
 
Dåp av Knester
Les meir(26.06.2007)
 
Nyhendearkiv

Eidsvik Skipsbyggeri AS

Kompetanseområder:
* Skipsbygging
* Reparasjonar, ombygging
* Vedlikehald
* Konstruksjonar i stål og aluminium
* Dekkshus, styrehus og mastrar i stål og aluminium
* Prefabrikkering av røyr og røyrsystem
* Alle typer sveisearbeid

* God hamn
* 85 m kailengd
* 20 tonns kaikran
* 2000m2 innandørs produksjonsareal

Adresse:
5463 Uskedalen, Norway
Telefon:
+47 53 48 25 00
Telefax:
+47 53 48 25 01
E-mail:
firmapost@eidsvik.no

 
Utvikla av iDrift AS